For å sikre lokale interesser på alle nivå i dei fleirårige vindkraftprosessane, kan det vere nyttig å gjennomgå erfaringar frå ulike sider av desse omfattande prosedyrane og dei mange eksterne aktørane kommunen og lokalsamfunnet dykkar har møtt og vil møte undervegs.
Vi har i over 15 år arbeidd med vindkraftsaker og har erfaringar frå alle faser av prosessane.
Vi har også eit omfattende nettverk med høg kompetanse og erfaring frå dette feltet.
Vi kan tilby ein gjennomgang av utfordringar din kommune og lokalsamfunn vil stå overfor i dei ulike fasane av ein slik prosess, korleis organisere og analysere dokument og planar, framgangsmåter for vidare arbeid og oppfølgingar.
Vi kan vise ulike aktørar, roller, arbeidsmåtar og påverknadsmetodar som blir brukt og kva for forvaltningspraksis som er erfart.
Dette gjer vi basert på vår miljøfaglige og jurdiske kompetanse og erfaringar og vi stiller gjerne med foredrag på folkemøter, presentasjonar for kommuneadministrasjon, formannskap og kommunestyrer og direkte overfor lag, grupper, organisasjoner og privatpersonar.